Viser innlegg med etiketten Orkan. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Orkan. Vis alle innlegg

tirsdag 3. januar 2012

Tryggleik for liv og helse


Når Moder Natur finn det for godt å komme med ein maktdemonstrasjon nyttar det ikkje at menneske utan god nok kunnskap om dei naturgitte tilhøva har bestemt at infrastrukturen skal fungere. Ho legg tre til bakken og slengjer stein på land akkurat der det passar henne. At der tilfeldigvis er ein menneskeskapt installasjon i vegen bryr ho seg ikkje om. Ho bryr seg ikkje om konvensjonar og menneskerettar. Ho gjer som ho vil, om det så tek livet av uskuldige menneske og legg heile bygdesamfunn aude.

Langs fjordane på Vestlandet byggjer vi våre hus der erfaringane seier at hus kan stå. Når gammal kunnskap går tapt eller blir ignorert, går også hus og menneskeliv tapt. Vi veit at vegar må byggjast slik at fjord og fjell ikkje krev tilbake der vi har teke oss til rette. Vi veit at kraft- og teleinstallasjonar må sikrast så ikkje naturen tar knekken på dei i neste stormkast. Vi veit at kvart eit lite bygdesamfunn må ha tryggleik for å bli høyrde av lege, ambulanse og anna hjelpemannskap når ulukka er ute. Vi veit at vi treng akuttberedskap ved alle eksisterande sjukehus langs kysten kvar gong stormen herjar.

Ingenting kan gjere ei firebornsmamma så eitrande forbanna og klar til å stå på barrikadane som å føle at familien ikkje er trygg. Å vite at ein er salderingspost i neste budsjett. Å vite kva det vil seie å føde og tenkje på dei fødekvinner som må reise frå familien sin til uvissa om korleis fødselen vil gå i ein ambulanse. Å miste moglegheita for å nå sjukehus i tide når stormen gjer avstandane meir enn dobbelt så lange fordi ein først må rydde veg så godt ein kan.

Dei som sit med makta i samfunnet vårt må hugse dette.
Vi må innrette oss så godt vi kan på naturen sine premissar. Då nyttar det ikkje å sitje i høgblokk i asfaltjungelen og tru at folket på grasrota i nasjonen Noreg finn seg i kva som helst av påfunn når våre krav om tryggleik for liv og helse stadig blir ignorerte.

La oss behalde sjukehusa våre. Slutt å sjå på sjuke, skadde og fødande som utelukkande ein utgiftspost. Tenk heller på kor mykje dei kan bidra med når dei blir friske og når folketalet aukar!!

søndag 1. januar 2012

I stilla etter stormen


Så sat vi der då, klokka 07.30 2. juledags morgon 2011, på trappa framfor fjøsdøra. Odd Einar og eg drakk morgonkaffi og høyrde aggregatet dure og pulsatorane tikke. Det var heilt bekmørkt i Kjølsdalsbygda og på hi sida av fjorden. Hadde aldri sett det så mørkt før. Som om vi var dei einaste i heile verda. Vi sat der i vinden og venta på neste stormkule som var meldt.

Kvelden før hadde vore eit mareritt.
Familieselskapet vart oppløyst av jordfeilbrytaren som slo ut heile tida og vinden som reiv rundt husnovene. Tenkte det var fælt at folk skulle måtte køyre heim i slikt ver. Men det var no litt greitt også. For då kunne vi få unna fjøsstellet før det tok laust for alvor - trudde vi.

Vi ga oss på fjøsstell utan traktoraggregat. Hadde knapt starta det før vi fekk melding om at det såg ut som fyrverkeri frå transformatoren i Ervika og brann i ledningane ikkje langt unna garasjen vår. Odd Einar køyrde heim for å sjekke at alt var vel, og kom tilbake vill i blikket og fortalde om båra han hadde sett reise seg frå sjøen og slå over vegen rett nedanfor skulen. Ein stad der ein aldri skulle tru at båra ville klare å  komme på land! Han hadde klart å stoppe så ho ikkje traff bilen.

Då vi drog heim etter fjøsstellet køyrde vi forsiktig forbi på nedsida av skulen. I lyset frå billyktene såg vi båra hadde reist seg igjen, og visste at ho ville slå over bilen i same sekund, så vart alt kvitt. Heilt kvitt. Og vi måtte stoppe. Torer ikkje tenkje på kva som ville skjedd om der hadde følgt stein med.

Den natta følte eg meg ikkje trygg eit sekund sjølv om uveret ga seg. Alle dei gløymde kjenslene frå orkanen i -92 kom tilbake. Då hadde vi to småborn. Den eldste var to år. Eg hugsa nyttårsmorgonen då eg sat med veslejenta mi i einaste nokonlunde trygge kråa i stova og håpte på at stovevindauga ville halde. Orkanen ulte og vi visste at taket på eine driftsbygninga var vekk.

Men denne 2. juledagsmorgonen hadde framleis ikkje avslørt herjingane sine heilt og fullt. Vi såg ikkje skog, låve og hus som var velta. Vi høyrde berre på radio kor gale det var. At det ikkje var råd å få tak i folk fordi telenettet var nede. Og eg undra litt på om andre hadde batteri til radioane sine så også dei fekk høyre om utsiktene til straumløyse i fleire døgn.

Eg undra også litt på kvar det gamle signalet for "viktig melding - lytt til radio" vart av. Kor langt bort tanken på personleg beredskap er vekk. Vi stolar så blindt på moderne kommunikasjonsmidlar og vi trur at det berre er å gå i butikken og kjøpe det vi treng til dagen. Men kva skjer når straum, telefon og datasystem ikkje virkar?

Det fekk vi ein liten smak på den siste veka i 2011.
Utan telekommunikasjon får vi ikkje tak i lege og ambulanse, og vi kan ikkje gje beskjed til familie korleis det går med oss. Utan straum virkar ikkje kjøleskåp, frysarar, komfyr og steikjeovn. Vi blir utan varmevatn til vask, oppvask og klesvask. Utan straum blir mat øydelagt i butikkane og vi får ikkje kjøpe drivstoff til køyrety, aggregat og motorsag. Utan straum virkar ikkje minibankane og utan kontantar kan vi ikkje kjøpe det vi treng. Utan batteridriven radio og batteri som virkar får vi ikkje informasjon om kva som eigentleg skjer.

Eg må innrømme at eg har mista trua på at storsamfunnet blir i stand til å hjelpe oss dersom klimaprognosane held stikk. Våtare, varmare og villare vêr dei kommande åra gjer oss endå meir sårbare enn vi allereie er.
- Så kva gjer vi no...?