fredag 10. august 2012

Trestripers

Det tredje paret er endeleg ferdig!


I løpet av spøtinga vart eg mindre og mindre fornøgd, for eg skjønte at det går an å lage sokkar med mykje betre passform og som tek seg finare ut på bilete. Men det viktigaste er at brukaren vart fornøgd. :-))



Susipus har også godkjent sokkeparet for kloring og gnaging når det er påkrevd for å få merksemd:


Susipus har forresten bestemt at alt garn står til hennar disposisjon når det måtte passe henne. Her har ho okkupert eine posen min med spøt medan eg sit her og skriv...


Eit anna spøt

Om det ikkje er ille nok at eg har fått sokkespøtedilla, så har eg som alle kan sjå på eitt av bileta, også eit anna spøt på gong.

Spøtedilla starta med produksjon av fem klutar i Heilårsgarn. Trur ikkje det garnet blir favoritt hos meg heller, men eg må no bruke det garnet eg har. Etter dei fem klutane i ulike mønster, starta eg på eit handkle med dobbel tråd.

Ufatteleg keisamt å spøte det same heile tida utan anna enn slutten å sjå fram til! Ikkje ein gong den grelle kombinasjonen av oransje og beige klarte å få meg i spøtehumør.

Så no har eg endeleg fått den lyse ideen å strikke felt i ulike mønster. Då kan eg tenkje litt undervegs, og planlegge neste felt. Ikkje berre sitje der og lure på kortid eg har spøta nok.

Så no går alt så mykje betre, og eg har brått kome ein tredjedel av ønska lengd.

Det blir nok det styggaste handkleet som nokon gong har blitt spøta, men det gir eg ein god dag i! :-))

torsdag 9. august 2012

Sokkelestar på hjernen

Trur det finst like mange sokkelestetypar som det finst sokkelestespøtarar. Og det er rett før det er interessant å pare sokkar som ligg i skuffer og korger.

Kvart eit sokkepar i huset er interessant for tida, og kvar ein lest blir nøye studert. Hovudet er fullt av strømpelestar som verkjer etter å bli spøta.

Dei tjukkesokkane eg har laga til no, er av eit relativt "primitivt" slag. Heretter må eg til med meir avansert utforming av brot, hæl, lest og tå!

Det er nesten frustrerande å måtte lage ferdig det tjukkesokkelesteparet eg held på med, for det neste paret kjem til å sjå sååå mykje betre ut!

tirsdag 7. august 2012

Det tredje paret

Eg hadde ikkje spøta meir enn ein halv ullsokk då Ingve stilte seg opp framfor meg og meinte at eg godt kunne spøte sokkar til han også.

Han ynskjer sokkar med kortare brot enn strømpene han skal ha under.



Sidan eg har kome noko lenger enn det biletet syner, sit eg berre her og ventar på at guten skal komme og prøve sokken så eg veit om eg spøtar han lang nok...

...og no er sokken endeleg ferdig. Den andre får eg starte på etter jobb i morgon. :-)

Ullsokkar

Det er no greitt nok å spøte kjøkenklutar og handkle i bomullsgarn, men det var liksom ikkje heilt nok.

I årevis har eg sett folk spøte og uttale: "Men eg strikkar ikkje sokkar, for eg kan ikkje å lage hæl"

Jammen kor vanskeleg kan det eigentleg vere? Dette er då noko som alle kvinner i generasjonar føre oss har fiksa så lett som berre det?

Garnbutikken fekk nytt besøk, og gjorde gode pengar på mitt innkjøp av garn og pinnar.

Onsdag 1. august kunne eg endå ein gong melde på facebook:
"Har fått endeleg fått bekrefta at det har tørna for meg. Er snart ferdig med min første ullsokk. Utan oppskrift. Lyt visst berre utnytte den nyerverva strikkedilla mi medan eg framleis har den. :P"
Det følgde ei slags oppskrift med garnet eg kjøpte. Men sant å seie så skjønte eg ingenting anna enn kor mange masker eg skulle legge opp. Så eg rota gjennom ein stabel med heimespøta sokkar (diverse andre sin produksjon) for å sjå korleis ein lagar hæl.

Fann 3-4 ulike typar hæl, og valde ut den som såg enklast ut. Studerte litt på felling av tå, og så sette eg i gang med friskt mot.

På tre dagar hadde eg eit resultat som såg slik ut:



Trur definitivt eg tok eit smart val då eg kjøpte firkanta trepinnar til sokkeproduksjonen!

Eg hugsa brått ein av grunnane til at eg ga opp spøtinga den gongen for mange år sidan. Den ekle gnisselyden av metallpinnar mot garn er noko av det verste eg kan bli utsett for. Det er som å høyre negler mot ei tavle...

I går skreiv eg endå ein ny spøtestatus på facebook:
"Dei to første sokkepara tok fem dagar å produsere. Har starta på par 3, og lurer på korleis det går når eg får trening så eg verkeleg får opp farta... :P"



Og dermed har Bergljot fått dei ekstra ullsokkane ho treng til turen på Snøhetta saman med Bestemor Astri.



Og min produksjon av tjukkelester har auka med 200%!!

Starten

Fredag 27. juli i år kunne eg melde følgjande på facebook:
"Hadde sannsynlegvis eit aldri så lite illebefinnande då eg var og handla tidlegare i dag. Kjøpte tråd og strikkepinnar. Over 20 år sidan sist eg hadde slikt mellom hendene! :P"
Helga før hadde vi vore i Kalvåg for å besøkje Hilde Svigerinne, og ho hadde nokre svært enkle, praktiske og heimespøta kjøkenklutar. Slikt noko kunne eg og klare!

Laurdag 28. juli oppdaterte eg facebooktråden med
"Dette er alvorleg. To av åtte nøste har blitt til kjøkenklutar allereie. Men det er framleis håp om at resten blir liggande i 20 år. Nokon som har motgift?"
 og 31. juli endå ein gong
"Etter at eg kjøpte tråd sist fredag har eg brukt opp fire nøste. No held eg på med nøste nr 5 og 6 på ein rundpinne og nr 7 på ein annan... :-)) Tråden eg kjøpte for 20 år sidan vart til ein halv bol før eg måtte gi meg. Den skal bli til ein arkeologisk skatt ein gong i framtida. :-))"

Resultatet av den første veka med frenetisk spøting vart slik:


20 år utan spøt

Då eg var kring 25 år gammal svor eg på at eg aldri meir skulle ta eit spøt i hendene. Hugsar ikkje heilt kvifor, men eg klarte å halde det løftet til meg sjølv i over 20 år.

Så er det vel eit slags sakn som har meldt seg, då. Ein tanke som har modna over lang tid. Ein ide om å vise at eg faktisk kan. Ikkje berre til familien og omverda, men mest av alt til meg sjølv.

Kjært barn har mange namn.
Spøt betyr strikketøy. Mormor og grandtanter strikka ikkje. Dei spøta.
Og morfar hadde så mange rare kjælenamn på oss borna. Dei aller minste barneborna og oldeborna kalla han no og då "Lisje Spøtet".