fredag 17. august 2012

Prosjekt hobbyrom - del 2

Bergljot har vore ekstra flink til å hjelpe til i dag. Kanskje fordi ho hadde utsikt til betre plass på rommet sitt?

Gamle yndlingsleikar og -bøker er pakka vekk. Dei er for born som er litt yngre enn henne. Kleskåpet er tømt og vaska. Berre kle som passar er i skrivande stund på veg inn i skåpet.

Jenta er framleis ivrig, så eg lurer litt på kor tid eg skal ymte om sengetid. Er redd for at iveren ikkje held seg til i morgon.

Susipus er i alle fall svært nøgd med rommet. Ho hoppa opp i senga så snart den var flytta og oppreidd. La seg til å male høglytt. Eit godt teikn!


Men hobby-koserommet mitt er framleis ikkje heilt ferdig.



Eg treng ein 60-tals lenestol eller ein liten tosetar til å sitje i. Litt betre arbeidslys hadde også gjort seg.

Så må symaskin, strykebrett og diverse som eg har lagra andre stader leggast/setjast på plass. Har eit heilt klesskåp og mange skuffer og hyller som kan fyllast. Det skal bli godt å få alle "sysaker" samla på ein stad!

Er ikkje det gamle veggteppet frå Oldedalen flott vel?
Har inga aning om alderen, men det er heilt nytt, og har ligge vekkpakka i mange år og venta på ein høveleg vegg.

Prosjekt hobbyrom - del 1

Annbjørg har flytta ut av rommet sitt i kjellaren, og Ingve har flytta inn dit. Så flytta Bergljot inn på Ingve sitt gamle rom og eg skulle få rommet som er "til overs" som syrom - og anna diverse bruk.

Men så ombestemte Bergljot seg, og ville ha det gamle rommet sitt tilbake.
Takk og lov at eg ikkje hadde installert meg heilt enno!

I dag har Bergljot fått rommet sitt tilbake. Sånn omtrent. Men eg har enno ikkje fått syrom. Mykje av det ho ikkje ville kvitte seg med då ho bytte rom i første omgang ligg no att. Det skal pakkast vekk eller kastast. Basta!!

Så no held ho på med litt finpuss på det ny-gamle rommet sitt, medan eg klarnar hovudet med ein kopp kaffi og skriving.

Oppdatert plan for innreiing av hobbyrom er i ferd med å ta form. Skulle berre så gjerne hatt ein liten to-setar sofa å setje inn der. Får følgje litt med på kva folk vil gje vekk eller selje rimeleg på facebook.

Back to work!

onsdag 15. august 2012

Første heimespøta presangen

Førstkommande måndag er aller første skuledag for Anne Gudbarn. Det er så lenge til ho har bursdag, at eg tenkte første skuledag kunne vere eit passeleg høve å gje ein liten presang.

Første sokken tok nokre dagar å spøte, for eg tykte det var litt knødete med så tynt garn. Orka ikkje spøte meir enn ti-tolv omgangar i slengen i starten. Så for å få begge ferdige så dei kan sendast og nå fram i tide, har eg brukt dagen i dag på den andre.

Får berre håpe dei passar sånn nokonlunde!

Når dette sokkeparet no er ferdig, har eg berre tre spøt på gang. Trur eg skal spøte litt lenger på det eine før eg legg opp eit nytt. Kanskje.

tirsdag 14. august 2012

Halde på interessa

Eg prøvar med vitande og vilje å halde på denne nyerverva spøtedilla mi. Kjenner meg sjølv godt nok til å vite at eg kan finne på å kaste mange ballar i lufta, for så å ikkje klare å fange ein einaste igjen. Samstundes har eg med tida lært meg litt betre å kontrollere denne impulsive og noko svake sida mi.

Folk med ADHD er generelt meir avhengige av umiddelbar belønning for å halde fokus. Vi må føle umiddelbar tilfredsstilling ved det vi held på med. Elles mister vi interesse like raskt som ei dille oppstår.

Belønning treng slett ikkje vere sjokolade. Det er mykje meir tilfredsstillande med stadig nye utfordringar og gode resultat. Ros er viktig. Men slett ikkje berre ros frå andre. Det er mykje viktigare å lære å rose seg sjølv for å nå delmål på vegen. Legge vekk det kritiske blikket og ikkje tru at alle andre klarer så mykje betre enn seg sjølv. Ikkje la vere å kaste ballen i lufta fordi ein risikerer å ikkje klare å ta imot.

Hugse at trening gjer ein i stand til å ta i mot nye utfordringar og nå nye mål.

Eg er ein dårleg planleggar. Likevel sit eg her og tenkjer på kva eg kan spøte neste gong.

Ja, ja... Ta deg no ikkje vatn over hovudet no, Marta.
Fire spøt på ein gong for å ha å veksle på får vere nok.

søndag 12. august 2012

Under construction!

Blogg er eigentleg eit heilt nytt medium for meg. Har prøvd eit par gongar før, men har ikkje følt det har vore noko å skrive om. Ikkje noko overordna tema, liksom.

Men no har eg visst gått inn for blogging med like stor iver som spøting. Og då må eg til med utforming av blogg, må vite. Så det blir nok mykje eksperimentering framover, berre for å prøve ut fargar, bilete, skrifter, funksjonar og alt det andre som følgjer med.

Observante lesarar har nok allereie sett at eg har drista meg til med annonser på sida mi. Det er no berre eit eksperiment for å sjå kva slags annonser som kan dukke opp. Har ikkje lov til å klikke på dei sjølv, eller å oppmode folk til å klikke på dei uansett kor spennande dei måtte vere. Men dei kan no kanskje vere litt artig å sjå på likevel.

Dersom folk opplever nokon av annonsene som støtande, vil eg gjerne ha beskjed slik at eg kan sperre for utidig marknadsføring.

Nye tider

Eg har lenge tenkt at eg skulle ha meg ny mobiltelefon. Ein sånn fin med stor skjerm og moglegheit for internett. Men det er no alltid så mykje styr på desse butikkane.

Alt blir så stressande. Først skal vi sjå på eit utval som slett ikkje er den modellen eller typen eg vil ha og har bruk for. Så må vi sjekke om ein har rett abonnement i orden og eventuelt byte.

Eg hatar det!
Altså sånt butikkstyr der det står nokon som helst vil selje, men som ikkje har det ein vil ha. Det er så lett for å få sympati med seljar, eller bli utolmodig og impulsiv og kjøpe noko heilt anna enn det ein hadde tenkt. Men denne gongen har eg vore sterk i anda og har ikkje latt meg freiste av dyrare, flottare og skjørare merke og modellar.

Det har faktisk gått fleire veker sidan eg først bestemte meg for ny telefon, merke og type. Og likevel har eg ikkje fått gjort noko med det. Før i dag.

I dag gjorde eg noko eg håpar er glupt.
Eg bestilte ny telefon over nett. Frå rimelegaste leverandør med eit ok rykte.
Så var eg inn på abonnementsleverandøren si side og bestilte nytt abonnement og tvillingkort.

Enkelt og greitt. :-))


lørdag 11. august 2012

Den gamle bolen

O himlande du kor eg har leita etter den gamle bolen eg starta på i dei dagar eg reiste ofte med båt til Bergen med Johnny. Den eg starta på fordi eg trudde eg skulle få høve til å spøte i løpet av dei fire timane turen vara kvar veg. Og som eg ga opp fordi eg hadde meir enn nok med å passe på den vesle villstyringen så han ikkje fann på noko katastrofalt ombord.

Eg visste at eg ikkje hadde pakka den langt vekk, for den låg under broderia eg ga opp for berre ti år sidan. Som låg under stoppesokk, stoppenål og nokre trådrestar som eg flytta til ein annan stad for kring fem år sidan.

Alt saman låg jo i den lyse, runde korga med lok...

AHA!!!

...som står som "bord" for Bondeblad og traktorbrosjyrer ved stolen som Odd Einar brukar å sitje i.

Jah, der var den! Rett framfor nasa...

Ei rask vurdering av spøt og mønster fortalde meg at dette ikkje var noko å halde fram på. Så no er den rekt opp, og eg sit att med 13 nøste svart og 8 nøste mørk raud umerka tråd. Den kan nok framleis spøtast gensar av. Men ikkje i det mønsteret eg opphaveleg tenkte.

Får gå i tenkjeboksen medan eg held fram med dei to lestepara og handkleet eg held på med.