Siste tida har vore litt tung av ymse årsaker. Har blitt litt "system overload", for å seie det slik.
Dødsfall og jordfesting i familien, mannen vekke på kurs i staden for å vere heime i friveka si, alt eg skulle ha gjort som ikkje blir gjort - og til slutt alt som skjer som tek litt knekken på meg for tida fordi eg føler eg prioriterer heilt feil.
Dødsfallet i familien var ikkje uventa, og det var heller ikkje aller næraste familie lenger. Men likevel så skjer det noko med ein slike tider. Det blir på ein måte litt vanskeleg å forhalde seg til dei næraste sørgjande, samstundes som ein føler på si eiga sorg over den som er borte. Tankane vandrar om livet og døden og glede og sorg. Blir så mange tankar å halde styr på, at det blir reint for mykje.
Midt i det heile måtte Odd Einar på kurs. Tolv dagar jobb, eit par dagar heime, fem dagar kurs og to døgn heime før ny jobbeperiode. Og slik blir det den neste månaden også. Han får dårleg samvit for at han "aldri" er heime, og eg tykkjer det må bli mykje for han å halde på slik. Og så har vi sjølvsagt fjøshelg dei få dagane han er heime no.
I tillegg føler eg litt dårleg samvit for at eg saknar å ha han heime. Ulogisk? Slett ikkje. Men eg orkar ikkje å skrive ei lang, komplisert og filosofisk utgreiing om akkurat det her og no. ;-)
Samstundes har det vore eit par gode veker. Annbjørg var heime nokre hardt tiltrengde fridagar. Det tykte eg var kjekt. Dei to jentene våre fekk mykje tid saman. Det skjer så altfor sjeldan, og i lys av sorga var det ekstra godt å ha alle fire borna innanfor "synsvidde".
Men kva er eg då så forarga for?
Jau, det skal eg fortelje: Før Annbjørg kom heim, gøymde eg vekk eit spøt ho ikkje skulle sjå. Og no kan eg slett ikkje finne att oppskrifta! Spøtet var på plass, men oppskrifta har eg sannsynlegvis gøymt ein annan lur stad.
At det går an!
Får lyst til å spytte og frese og trampe i golvet.
Ja, ja...
Hovudet virkar vel snart igjen. Oppskrifta dukkar nok opp - når eg har kjøpt ny, sjølvsagt.
I mellomtida får eg halde fram med sokk nr. to i par nr ørten og håpe på at det blir finever leeenge. :-)