Viser innlegg med etiketten Sokkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sokkar. Vis alle innlegg

onsdag 6. februar 2013

Denne veka

Denne veka har eg faktisk klart å spøte ferdig eit par små sokkepar, og laga i full fart ei lita hue - berre for å ha gjort det, liksom.


Det lilla sokkeparet brukte eg litt tid på, for eg mister på ein måte litt interessa for sokkeparet når eg er ferdig med hælen på andre sokken.

Gløymde å ta bilete før Bergljot fekk dei, så eg måtte ta eit dykk i gymbagen hennar for å finne dei att for fotografering.


Smått er ikkje det beste for fingrane mine. Trudde det skulle vere enkelt, men der tok eg feil, gitt.

Fann eit mønster til tøfler på nett, men eg følgde det no sjølvsagt ikkje heilt. Litt individualist må ein no vere.




Og så har eg for første gong prøvd meg på mønsterspøting. Etter engelsk mønster til og med!

Hua er spøta etter mønsteret til den vaksne Moon-hua i "21 designs" av Kim Hargraves, som eg fekk låne av Elin. Spøta den på rundpinnar 2,5 og 4 i Austermann Step, og fekk ei hue som heilt tilfeldig og heldigvis passa akkurat til veslejenta som har fått den og dei bittesmå sokkane.

Og nei, eg følgde sjølvsagt ikkje mønsteret 100%, sidan hua eigentleg er meint å spøte fram og tilbake og sy saman etterpå...

onsdag 24. oktober 2012

Hekta

I går byrja det så smått å gå opp for meg: Eg er hekta!

Det er ei stund sidan eg var på garnbutikken no. Bortsett frå den dagen eg var innom for å kjøpe endå ein rundpinne for å komplettere samlinga, og tilfeldigvis fann eit tiltrekkjande garnnøste når eg likevel var der.

I går fekk eg ei ekkel kjensle sildre gjennom ryggmargen medan eg sat her og spøta på ein sokk. Tenk om eg ikkje har eit garnnøste til i same fargen! Og i kveld såg eg at eg ikkje hadde nok av restegarnet som eg har brukt innimellom. Tenk om eg ikkje har meir!

Begge gongane la eg tastatur og spøt resolutt ifrå meg for å gå opp og sjekke. Og letta var like stor begge gongane, då eg såg at eg har vore framsynt nok til å kjøpe så eg har rikeleg.

Takk og lov - så blir sokkeparet ferdig i løpet av helga likevel. Innimellom øvingshelg og fjøsstell.

søndag 14. oktober 2012

Oktober

Oktober kom jammen brått i år!
Kaldt og fælt og skummelt å køyre bil om morgonane.

Ikkje nok med at oktober kom brått: Vi er omlag halvferdige med den også!

Men vi har i det minste hatt ei haustferieveke med strålande ver.
Sist helg tok vi inn sauene for å sortere ut lamma som skulle til slakt. Vi var pissblaute då vi var ferdige. Dei utsorterte lamma vart leverte på fredag, og i går tok vi inn alle dyra for vinteren.
Ei veke med finever har verkeleg gjort susen, for sjølv om vi har sortert både to og tre gongar for å få alle dyra på rette plassen, var vi like tørre etterpå.                                                                                                                                                      
Sauer er forresten "ålreite dyr", det.
Dei skal ha mat og stell og vi skal helst ha nokre kroner att for arbeidet også. Men med ein flokk på knapt 30 vinterfora sauer, må ein nok helst kalle sauebondefaktene mine for bonderomantikk.

Elles så har både Johnny, Svein Kåre, Maleenee og eit par andre i meir perifer familie hatt bursdagar denne veka: Gratulerer til alle saman!

Så var det spøtinga då...
Eg er omlag halvferdig med eit litt større prosjekt som eg har på gong.
Elles så går det i barnesokkar for tida. Ein sokk om gongen. Den andre sokken er alltid vanskeleg å bli ferdig med. Men det blir no nokre par utav det til slutt.

Har eigentleg lyst til å strikke noko anna også - innimellom. Noko som er litt mindre tankekrevande. På høveleg tjukke pinnar, og som ikkje treng å vere likt med noko eg har spøta før. Men så er eg også litt redd for å ha altfor mange prosjekt på gang på ein gong.

Eg har ikkje huset fullt av spøteoppskrifter og inspirasjon frå før, så eg slit litt med akkurat det der.

lørdag 25. august 2012

Meir spøt

Neida, eg har korkje gitt opp spøt eller blogg!
Kan berre ikkje skryte i bloggen utan å ha noko å vise til.

Men no har eg altså gjort det. Spøta den gensaren eg skulle ha spøta for 22 år sidan. Den vart berre nokre nummer mindre og med eit anna mønster. Eg vart forresten så ivrig, at det ikkje tok meir enn ei veke å lage den.

Her ligg den til tørk ute, etter at eg har strekt den for å få vekk skrukkene etter tråden eg rekte opp av den gamle bolen.

Må innrømme at eg er litt stolt over faktisk å ha gjennomført.



Gensaren har endeleg tørka, og jenta har fått den på seg.

Etter råd frå meir spøtekyndige enn meg, brukte eg eit par nummer større pinnar for å få gensaren stor nok. Mønsteret var nemleg eit par nummer for lite, og tråden var tjukk. Så den vart faktisk rikeleg stor, og eg trur eg må setje ein strikk i halskanten for at ho skal kunne bruke den allereie i vinter.

Og så var det endå eit sokkepar.
Eg var så misnøgd med første sokken at eg hadde vanskar med å få ferdig den andre. Trudde opphaveleg at eg skulle spøte sokkar til meg sjølv, men dei vart meir høvelege til Ingve.


 



Sidan eg no er ferdig med både gensaren og det "umoglege" sokkeparet, har eg starta på eit nytt sokkepar. Er nok ikkje nøgd med det heller, men har bestemt meg for å gjere ferdig alle prosjekt sjølv om dei blir litt rare. Alt som blir rart får meg til å tenkje på kva som kan gjerast betre neste gong, og kva eg må gjere anleis fordi storleiken er ein annan.