Eg prøvar med vitande og vilje å halde på denne nyerverva spøtedilla mi. Kjenner meg sjølv godt nok til å vite at eg kan finne på å kaste mange ballar i lufta, for så å ikkje klare å fange ein einaste igjen. Samstundes har eg med tida lært meg litt betre å kontrollere denne impulsive og noko svake sida mi.
Folk med ADHD er generelt meir avhengige av umiddelbar belønning for å halde fokus. Vi må føle umiddelbar tilfredsstilling ved det vi held på med. Elles mister vi interesse like raskt som ei dille oppstår.
Belønning treng slett ikkje vere sjokolade. Det er mykje meir tilfredsstillande med stadig nye utfordringar og gode resultat. Ros er viktig. Men slett ikkje berre ros frå andre. Det er mykje viktigare å lære å rose seg sjølv for å nå delmål på vegen. Legge vekk det kritiske blikket og ikkje tru at alle andre klarer så mykje betre enn seg sjølv. Ikkje la vere å kaste ballen i lufta fordi ein risikerer å ikkje klare å ta imot.
Hugse at trening gjer ein i stand til å ta i mot nye utfordringar og nå nye mål.
Eg er ein dårleg planleggar. Likevel sit eg her og tenkjer på kva eg kan spøte neste gong.
Ja, ja... Ta deg no ikkje vatn over hovudet no, Marta.
Fire spøt på ein gong for å ha å veksle på får vere nok.