Eg hadde ikkje spøta meir enn ein halv ullsokk då Ingve stilte seg opp framfor meg og meinte at eg godt kunne spøte sokkar til han også.
Han ynskjer sokkar med kortare brot enn strømpene han skal ha under.
Sidan eg har kome noko lenger enn det biletet syner, sit eg berre her og ventar på at guten skal komme og prøve sokken så eg veit om eg spøtar han lang nok...
...og no er sokken endeleg ferdig. Den andre får eg starte på etter jobb i morgon. :-)
tirsdag 7. august 2012
Det tredje paret
Ullsokkar
Det er no greitt nok å spøte kjøkenklutar og handkle i bomullsgarn, men det var liksom ikkje heilt nok.
I årevis har eg sett folk spøte og uttale: "Men eg strikkar ikkje sokkar, for eg kan ikkje å lage hæl"
Jammen kor vanskeleg kan det eigentleg vere? Dette er då noko som alle kvinner i generasjonar føre oss har fiksa så lett som berre det?
Garnbutikken fekk nytt besøk, og gjorde gode pengar på mitt innkjøp av garn og pinnar.
Onsdag 1. august kunne eg endå ein gong melde på facebook:
Fann 3-4 ulike typar hæl, og valde ut den som såg enklast ut. Studerte litt på felling av tå, og så sette eg i gang med friskt mot.
På tre dagar hadde eg eit resultat som såg slik ut:

Trur definitivt eg tok eit smart val då eg kjøpte firkanta trepinnar til sokkeproduksjonen!
Eg hugsa brått ein av grunnane til at eg ga opp spøtinga den gongen for mange år sidan. Den ekle gnisselyden av metallpinnar mot garn er noko av det verste eg kan bli utsett for. Det er som å høyre negler mot ei tavle...
I går skreiv eg endå ein ny spøtestatus på facebook:
Og min produksjon av tjukkelester har auka med 200%!!

"Har fått endeleg fått bekrefta at det har tørna for meg. Er snart ferdig med min første ullsokk. Utan oppskrift. Lyt visst berre utnytte den nyerverva strikkedilla mi medan eg framleis har den. :P"Det følgde ei slags oppskrift med garnet eg kjøpte. Men sant å seie så skjønte eg ingenting anna enn kor mange masker eg skulle legge opp. Så eg rota gjennom ein stabel med heimespøta sokkar (diverse andre sin produksjon) for å sjå korleis ein lagar hæl.
Fann 3-4 ulike typar hæl, og valde ut den som såg enklast ut. Studerte litt på felling av tå, og så sette eg i gang med friskt mot.
På tre dagar hadde eg eit resultat som såg slik ut:
Trur definitivt eg tok eit smart val då eg kjøpte firkanta trepinnar til sokkeproduksjonen!
Eg hugsa brått ein av grunnane til at eg ga opp spøtinga den gongen for mange år sidan. Den ekle gnisselyden av metallpinnar mot garn er noko av det verste eg kan bli utsett for. Det er som å høyre negler mot ei tavle...
I går skreiv eg endå ein ny spøtestatus på facebook:
"Dei to første sokkepara tok fem dagar å produsere. Har starta på par 3, og lurer på korleis det går når eg får trening så eg verkeleg får opp farta... :P"
Og dermed har Bergljot fått dei ekstra ullsokkane ho treng til turen på Snøhetta saman med Bestemor Astri.
Og min produksjon av tjukkelester har auka med 200%!!
Starten
Fredag 27. juli i år kunne eg melde følgjande på facebook:
Laurdag 28. juli oppdaterte eg facebooktråden med
Resultatet av den første veka med frenetisk spøting vart slik:
"Hadde sannsynlegvis eit aldri så lite illebefinnande då eg var og handla tidlegare i dag. Kjøpte tråd og strikkepinnar. Over 20 år sidan sist eg hadde slikt mellom hendene! :P"Helga før hadde vi vore i Kalvåg for å besøkje Hilde Svigerinne, og ho hadde nokre svært enkle, praktiske og heimespøta kjøkenklutar. Slikt noko kunne eg og klare!
Laurdag 28. juli oppdaterte eg facebooktråden med
"Dette er alvorleg. To av åtte nøste har blitt til kjøkenklutar allereie. Men det er framleis håp om at resten blir liggande i 20 år. Nokon som har motgift?"og 31. juli endå ein gong
"Etter at eg kjøpte tråd sist fredag har eg brukt opp fire nøste. No held eg på med nøste nr 5 og 6 på ein rundpinne og nr 7 på ein annan... :-)) Tråden eg kjøpte for 20 år sidan vart til ein halv bol før eg måtte gi meg. Den skal bli til ein arkeologisk skatt ein gong i framtida. :-))"
Resultatet av den første veka med frenetisk spøting vart slik:
20 år utan spøt
Då eg var kring 25 år gammal svor eg på at eg aldri meir skulle ta eit spøt i hendene. Hugsar ikkje heilt kvifor, men eg klarte å halde det løftet til meg sjølv i over 20 år.
Så er det vel eit slags sakn som har meldt seg, då. Ein tanke som har modna over lang tid. Ein ide om å vise at eg faktisk kan. Ikkje berre til familien og omverda, men mest av alt til meg sjølv.
Kjært barn har mange namn.
Spøt betyr strikketøy. Mormor og grandtanter strikka ikkje. Dei spøta.
Og morfar hadde så mange rare kjælenamn på oss borna. Dei aller minste barneborna og oldeborna kalla han no og då "Lisje Spøtet".
Abonner på:
Kommentarer (Atom)