søndag 2. september 2012

Julegåveproduksjon

Kven skulle tru at eg nokonsinne ville tenkje på julegåver allereie i august?

Må jo ha planer om neste spøteprosjekt. Men det betyr at eg ikkje kan skrive om eller legge ut bilete av det eg lagar.

Frustrerande ikkje å få skryte litt!

Men eg kan no seie så mykje som at eg har fleire spøt på ein gong, og at ein del av dei er sokkar. Har planer om å ta bilete av alle og lage innlegg som eg daterer fram i tid. Så får vi no sjå om eg lagar eitt og anna som eg kan skryte av undervegs også.