lørdag 25. august 2012

Meir spøt

Neida, eg har korkje gitt opp spøt eller blogg!
Kan berre ikkje skryte i bloggen utan å ha noko å vise til.

Men no har eg altså gjort det. Spøta den gensaren eg skulle ha spøta for 22 år sidan. Den vart berre nokre nummer mindre og med eit anna mønster. Eg vart forresten så ivrig, at det ikkje tok meir enn ei veke å lage den.

Her ligg den til tørk ute, etter at eg har strekt den for å få vekk skrukkene etter tråden eg rekte opp av den gamle bolen.

Må innrømme at eg er litt stolt over faktisk å ha gjennomført.



Gensaren har endeleg tørka, og jenta har fått den på seg.

Etter råd frå meir spøtekyndige enn meg, brukte eg eit par nummer større pinnar for å få gensaren stor nok. Mønsteret var nemleg eit par nummer for lite, og tråden var tjukk. Så den vart faktisk rikeleg stor, og eg trur eg må setje ein strikk i halskanten for at ho skal kunne bruke den allereie i vinter.

Og så var det endå eit sokkepar.
Eg var så misnøgd med første sokken at eg hadde vanskar med å få ferdig den andre. Trudde opphaveleg at eg skulle spøte sokkar til meg sjølv, men dei vart meir høvelege til Ingve.


 



Sidan eg no er ferdig med både gensaren og det "umoglege" sokkeparet, har eg starta på eit nytt sokkepar. Er nok ikkje nøgd med det heller, men har bestemt meg for å gjere ferdig alle prosjekt sjølv om dei blir litt rare. Alt som blir rart får meg til å tenkje på kva som kan gjerast betre neste gong, og kva eg må gjere anleis fordi storleiken er ein annan.

2 kommentarer:

  1. Veldig kjekt å lese, no har eg ikkje vore inne på ei stund, må legge deg til på lenkjene mine, slik at eg ser når der er oppdateringar. I dag har vi vore på Smia og på hytta. Rar sommar dette har vore...

    SvarSlett
  2. Gratulerer med ferdig genser! Imponerande!

    SvarSlett