Annbjørg har flytta ut av rommet sitt i kjellaren, og Ingve har flytta inn dit. Så flytta Bergljot inn på Ingve sitt gamle rom og eg skulle få rommet som er "til overs" som syrom - og anna diverse bruk.
Men så ombestemte Bergljot seg, og ville ha det gamle rommet sitt tilbake.
Takk og lov at eg ikkje hadde installert meg heilt enno!
I dag har Bergljot fått rommet sitt tilbake. Sånn omtrent. Men eg har enno ikkje fått syrom. Mykje av det ho ikkje ville kvitte seg med då ho bytte rom i første omgang ligg no att. Det skal pakkast vekk eller kastast. Basta!!
Så no held ho på med litt finpuss på det ny-gamle rommet sitt, medan eg klarnar hovudet med ein kopp kaffi og skriving.
Oppdatert plan for innreiing av hobbyrom er i ferd med å ta form. Skulle berre så gjerne hatt ein liten to-setar sofa å setje inn der. Får følgje litt med på kva folk vil gje vekk eller selje rimeleg på facebook.
Back to work!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar