I årevis har eg sett folk spøte og uttale: "Men eg strikkar ikkje sokkar, for eg kan ikkje å lage hæl"
Jammen kor vanskeleg kan det eigentleg vere? Dette er då noko som alle kvinner i generasjonar føre oss har fiksa så lett som berre det?
Garnbutikken fekk nytt besøk, og gjorde gode pengar på mitt innkjøp av garn og pinnar.
Onsdag 1. august kunne eg endå ein gong melde på facebook:
"Har fått endeleg fått bekrefta at det har tørna for meg. Er snart ferdig med min første ullsokk. Utan oppskrift. Lyt visst berre utnytte den nyerverva strikkedilla mi medan eg framleis har den. :P"Det følgde ei slags oppskrift med garnet eg kjøpte. Men sant å seie så skjønte eg ingenting anna enn kor mange masker eg skulle legge opp. Så eg rota gjennom ein stabel med heimespøta sokkar (diverse andre sin produksjon) for å sjå korleis ein lagar hæl.
Fann 3-4 ulike typar hæl, og valde ut den som såg enklast ut. Studerte litt på felling av tå, og så sette eg i gang med friskt mot.
På tre dagar hadde eg eit resultat som såg slik ut:
Trur definitivt eg tok eit smart val då eg kjøpte firkanta trepinnar til sokkeproduksjonen!
Eg hugsa brått ein av grunnane til at eg ga opp spøtinga den gongen for mange år sidan. Den ekle gnisselyden av metallpinnar mot garn er noko av det verste eg kan bli utsett for. Det er som å høyre negler mot ei tavle...
I går skreiv eg endå ein ny spøtestatus på facebook:
"Dei to første sokkepara tok fem dagar å produsere. Har starta på par 3, og lurer på korleis det går når eg får trening så eg verkeleg får opp farta... :P"
Og dermed har Bergljot fått dei ekstra ullsokkane ho treng til turen på Snøhetta saman med Bestemor Astri.
Og min produksjon av tjukkelester har auka med 200%!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar