tirsdag 7. august 2012

Starten

Fredag 27. juli i år kunne eg melde følgjande på facebook:
"Hadde sannsynlegvis eit aldri så lite illebefinnande då eg var og handla tidlegare i dag. Kjøpte tråd og strikkepinnar. Over 20 år sidan sist eg hadde slikt mellom hendene! :P"
Helga før hadde vi vore i Kalvåg for å besøkje Hilde Svigerinne, og ho hadde nokre svært enkle, praktiske og heimespøta kjøkenklutar. Slikt noko kunne eg og klare!

Laurdag 28. juli oppdaterte eg facebooktråden med
"Dette er alvorleg. To av åtte nøste har blitt til kjøkenklutar allereie. Men det er framleis håp om at resten blir liggande i 20 år. Nokon som har motgift?"
 og 31. juli endå ein gong
"Etter at eg kjøpte tråd sist fredag har eg brukt opp fire nøste. No held eg på med nøste nr 5 og 6 på ein rundpinne og nr 7 på ein annan... :-)) Tråden eg kjøpte for 20 år sidan vart til ein halv bol før eg måtte gi meg. Den skal bli til ein arkeologisk skatt ein gong i framtida. :-))"

Resultatet av den første veka med frenetisk spøting vart slik:


2 kommentarer:

  1. Fy fasan, her går det føre seg gitt. Ein helgatur til på hytta i Kalvåg, så begynner du vel med lappeteknikk og?

    SvarSlett
    Svar
    1. Einaste "lappeteknikken" eg har tenkt å putle på med, er å bøte heimespøta sokkar og dongeribukser med hol i baken. Presisjonsarbeid med symaskin er absolutt ikkje ei sterk side anna enn når eg må byte glidelås i buksene mine.

      Men no kan eg snart ta i bruk det nye "syrommet" mitt (gamle soverommet til Bergljot), så kven veit...?

      Slett